Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Arkivplan for Sykkylven kommune 2024

 

sykkylven foto

 

Føremål for arkivplan i Sykkylven kommune

Arkivplanen skal vere retningsgjevande for all dokumentasjon i Sykkylven kommune.

Arkivplanen er ein plan for organiseringa av arkivtenesta, og ei oversikt for rutinane

som gjeld etablering, bevaring og bruk av arkiva. Planen skal vere eit verktøy for å

kvalitetssikre arkivfunksjonane i kommunen.

Arkivplanen skal reviderast når det skjer endringar i organisasjon eller saksgang.

Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (forskr. § 2-2).

For at planen til ein kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast.

Dette skal skje minst ein gong i året. Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast.

Rådmann har arkivansvaret

Det er rådmannen som har det overordna arkivansvaret ( jfr. Arkivforskrifta §1-1)

Rådmannen har delegert det administrative ansvaret for arkivet til leiar for fellestenestene

og arkivleiar har det faglege ansvaret for kommunen si arkivteneste.

 

Torbjørn Emblem

 kommunedirektør