Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplan

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsredskap av alle tilsette i Sykkylven kommune. Målet er at alle som handterer dokument som vert til som ledd i den verksemda kommunen driv, skal kunne finne informasjon om kva retningsliner som må fylgjast, og kva løysingar kommunen har på arkivområdet.

Fagleiar arkiv skal ha melding om alle endringar i kommunen med moglege fylgjer for kommunen, i god til før dei vert sett i verk.

Arkivet har rett til å uttale seg om dei fylgjene dei kan få for arkivet.

Oppdatering i arkivplanen skal skje når:

- det skjer endringar i post- og arkivrutinar.

- ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel.

- det vert teke i bruk ein ny arkivnøkkel.

- ei kommunal eining tek i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon.

- kommunale einingar blir lagt ned, styre eller utval.

- det vert gjort vesentlege endringar i kommunen sitt delegasjonsreglement.

- kommunale oppgåver vert overført verksemder utanfor kommunen.

Arkivplanen vert oppdatert jamleg.

Alle brukarar har ansvar for gje tilbakemelding på den informasjon som er i arkivplanen. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar er gjort, skal fagleiar arkiv kontaktast.

Fagleiar arkiv Tove Lilleås

tlf. 90 96 19 20 eller epost tove.lilleas@sykkylven.kommune.no

Laster...