I mottaksprosessen: Kontrollere registeropplysningane på saker som ein er saksansvarleg for. Sjå til at personleg adressert post, e-post o.l som ein får direkte tilsendt og som ikkje er av privat karakter vert oversendt arkivet for journalføring og skanning. I avsendingsprosessen: Registrere alle utgåande dokument (interne/eksterne) i sakshandsamingssystemet. Knytte dokumentet til ei allereie eksisterande sak eller opprette ny sak dersom det ikkje eksisterer noko sak frå før på dette emnet. Under oppbevaring: Saksmapper utlånt frå papirarkivet skal oppbevarast på sakshandsamar sitt kontor på ein forsvarleg måte. Det skal vere råd for arkivet å finne arkivmappa dersom det skulle vere behov for det og sakshandsamar ikkje er tilstades. Syte for å overhalde fristar på forfall, restansar og utlån. Ved eventuell forlenging av utlån (utover 4 veker)skal sakshandsamar gje melding til arkivtenesta om dette. Gje melding til arkivtenesta når ei sak er avslutta. Det vil seie at ein ikkje forventar fleire brev i saka. (Arkivtenesta har høve til å opne saka igjen dersom det skulle vise seg å vere nødvendig) |